Tråkkemaskin gjennom isen
Lagt til av: Espen Børresen | publisert: 22.01.2007
Med to personar ombord gjekk ein trakkemaskin til to millionar gjennom isen på ville fjellet mellom Grotli og Stryn Sommerski.
Trykk for større bilde |
|
|
Trakkemaskinen står bom fast i isen på ville fjellet mellom Grotli og Stryn Sommerski. © Tor Bruland |
SKJÅK: I dårleg sikt på veg frå Stryn Sommerski til Grotli kom sjåføren av trakkemaskinen ut av kurs. Maskinen gjekk gjennom isen. Dei to personane i maskinen kom heilskinna frå det.
Bergingsaksjon Nå blir det sett i gang ein omfattande bergingsaksjon for å få opp att trakkemaskinen til to millionar kroner som tilhøyrer Stryn Sommerski.
- Så fort det går an vil vi få innover ei stor gravemsakin og trakkemaskin frå Grotli for å få opp att trakkemaskinen, seier driftsleiar Hans Anders Rindhølen i Stryn Sommerski til GD.
- Ikke forureiningsfare Han meiner at det ikkje er grunn til å frykte forureining frå maskinen, der berre førarhuset stikk opp. Uhellet skjedd laurdag, ved den vinterstengde Gamle Strynefjellsvegen omtrent ei mil frå Grotli.
- Vi håpar at vi skal vera på tur innover med bergingsutstyr i løpet av mandag, seier Rindhølen.
Av: Elias Sperstad Kilde: www.gd.no
| |
|
Myndasafn telur 23086 myndir!
0 bætt við í dag - 0 bætt við síðustu vikuna
Velkomin(n) á Tråkkemaskin.no! Á þessu vefsetri finnur þú stærsta myndasafnið, nýjustu umræður og heilmikið af staðreyndum!
|
|
|