Ingen panikk i Svandalen
Lagt til av: Ole Kristoffer Hole Olsen | publisert: 11.01.2007
Det snør no i Svandalen og folka ved skisenteret har produsert litt kunstsnø i natt.
Dagleg leiar Lars Reidar Fosstveit seier dei opnar så snart det er snø nok, men han tør ikkje lova opning til helga. I skrivande stund viser gradestokken ved skisenteret minus to grader og det er meldt meir snø utover dagen. Dei første snøbygene kom sigande i dag tidleg.
Fosstveit har så langt teke snømangelen med knusande ro.
- Me har ikkje panikk. Snøen kjem. Me opna ikkje for fullt i fjor heller før mot slutten av januar, fortel han.
Fosstveit fortel at økonomien til skisenteret er god og investeringane som er gjort har vore måtehaldne.
- Hadde me hatt ein ny stolheis til 40 millionar kroner, ville nok snømangelen vore meir stressande, påpeiker han.
Kilde: aftenbladet.no
|