Røldal skisenter sopar inn
Lagt til av: Espen Børresen | publisert: 04.01.2007
Snøen held fram å lava ned i Røldal. Skitrekket er det einaste som kjører for fullt i mils omkrets.
Trykk for større bilde |
|
|
SPEKTAKULÆRT: Røldal Freeride Challenge (RFC) arrangeres siste helgen i april 2005 for femte året på rad. Her er det norskkanadieren Leif Zapf-Gilje som viser sine kunster i 2002 © Scanpix |
REKORD: I romjula hadde skisenteret 5000 besøkande og omsette for drygt 1,2 millionar kroner, opplyser dagleg leiar Oddvar Bratteteig.
Hovudtyngda av gjestene har vore snøhungrige menneske frå Nord-Jæren som forgjeves har venta på snø i Sirdal. Heller ikkje skitrekka i Suldal eller Sauda har kjørt ein einaste dag denne sesongen. I går ettermiddag snøa det rettnok både på Gullingen og i Sauda, men dagleg leiar i Svandalen skisenter, Lars Reidar Fosstveit, har lita tru på at det blir nok snø til å opna i helga. I Svandalen er det no rundt 30 centimeter snø oppe i bakken og kun fem centimeter nedst. Det har også for det meste vore for mildt til å produsera kunstsnø, påpeiker Fosstveit.
I Røldal er det no snart halvannan meter snø på toppen, og rundt 60 centimeter nederst.
- Vårt anlegg ligg 800 meter over havet, medan dei andre skitrekka i regionen stoppar på denen høgda. I tillegg ligg Røldal i eit svært snøsikkert område, men i år har me faktisk spesielt mykje snø her oppe, fortel Bratteteig, som i tillegg kan freista med «puddersnø til knea».
Han har inga tru på at snøen har forsvunne frå lågare strøk for godt.
- Dette har skjedd før. Snøen kjem nok til Sauda og Sirdal også, trøystar han.
Kilde: www.aftenbladet.no
| |
|
Galerie hat 23086 bilder!
0 heute hinzugefügt - 0 letzte Woche hinzugefügt
Willkommen auf snow-goomer.net! Auf dieser Website findest du die größte Bildergalerie, neuesten Diskussionen und viele viele Daten. Die deutsche Version ist neu und wird laufend erweitert!
|
|
Letzten 20 Screeners Choice
|
|