| Som å surfe
		 Lagt til av: Ole Kristoffer Hole Olsen | publisert: 23.04.2011 Blautt skiføre i Kvitfjell. Men skifolket koser seg for det.
  
  Lucie (3) og Cornelia (6) tykte det var like morosamt å plaske i vassdammane i Kvitfjell som å stå på ski laurdag ettermiddag. 
 - Forholda i bakken er utruleg bra teke alt i betraktning, seier pappa Arne Meidell.
 
 Han tilbringer heile påska i Kvitfjell saman med familien. Søndag reiser dei heim til Oslo.
 
 - Dette er vel fjerde påska vi er her, seier Meidell.
 
 Han fortel om ei strålande påske i Kvitfjell, sjølv om føre var så som så.
 
 - Men eg er egentleg overraska over at det er skiføre nå. At påska er så sein merker også alpinanlegget. Det er mindre folk her nå enn det bruker å vere, seier Meidell.
 
 - Som å surfe
 - Dette er nesten som å surfe, seier vennegjengen Pål Schjerven, Martine Volder og Linn Marthinsen frå Oslo.
 
 Pål står på snowboard mens jentene står på ski.
 
 - Vi kom på onsdag, men dette er fyrste dagen vår på ski, seier Schjerven til GD.
 
 Han fortel at dei har bidrege sterkt på afterski.
 
 - For vår del har dette vore ei knallpåske, seier dei tre.
 
 - Bra føre om morgonen
 Alpinanlegget i Kvitfjell har ope til og med andre påskedag.
 
 - Det er mindre folk i år enn det var i påska i fjor. Men påska i fjor var fleire vekar tidlegare, seier markedsansvarleg i Kvitfjell, Eskil Solberg.
 
 Han fortel at føret er bra om morgonen etter kuldegrader om natta, men utpå dagen blir det slaps.
 
 - Men det er ikkje så rart når vi opplever tjue varmegradar, seier Solberg.
 
 Han fortel at turistane er overraska når dei finn ut at det er brukbart skiføre i bakken.
 
 - Forventningene er ganske låge, så dei blir overraska når det er såpass bra forhald, seier Solberg.
 
 Måndag ettermiddag stenger heisene og oppryddinga startar.
 
 - Vi har byrja og tenkt på neste sesong allereie, seier Solberg.
 
 
 Kilde: www.gd.no
 |