| 
  
    | 
     
      | Stolheis blir vurdert i Horningdal
		 Lagt til av: Ole Kristoffer Hole Olsen | publisert: 22.10.2007 Styret i Hornindal Skisenter AS arbeider med fleire alternativ når det gjeld utbygging i Grendalen
		 
  	
  
  Skitrekk har vore mest aktuelt så langt. Men no blir det også jobba med ei løysing som inneber stolheis opp til Fossane.
   | 
     | Trykk for større bilde |  
      |  |  |  
   | Representantar frå Hornindal IL og Hornindal skisenter peikar mot traseen i Grendadalen som er aktuell for stolheis eller skitrekk. Frå venstre: Amund Sverre Tomasgard, Stig Olav Lødemel og Sølve Kiviranta © fjordingen.no |  
 - Eigarane av skisenteret, det vil seie Hornindal kommune og Hornindal IL med ein halvpart kvar, har gjeve oss i oppdrag å greie ut ulike alternativ. I løpet av to-tre veker vil vi prioritere eitt av alternativa. Så blir det opp til politikarane og idrettslaget å ta stilling til korleis utbygginga i Grendadalen skal skje, seier Sølve Kvivranta. Han er leiar i styret for skisenteret.
 
 Fire alternativ
 I utgangspunktet såg styret føre seg eit 1.580 meter langt T-trekk frå skiarenaen og opp til Fossane. Etter møte der både skiforbundet, grunneigarinteresser og ulike instansar var med, har andre alternativ også kome inn i blidet. I noverande fase er fire ulike alternativ under vurdering:
 
 For det første det lange T-trekket. For det andre eit kortare trekk på 900 meter. For det tredje to trekk i kombinasjon slik at det øverste går opp på Fossane. Og for det fjerde stolheis opp på Fossane.
 
 kilde: fjordingen.no
 |  |  | 
 
  | Myndasafn telur 23087 myndir! 0 bætt við í dag - 0 bætt við síðustu vikuna 
  	
    | 
Velkomin(n) á Tråkkemaskin.no!  Á þessu vefsetri finnur þú stærsta myndasafnið, nýjustu umræður og heilmikið af staðreyndum!
    
     |  |          |