Gondol på Strandafjellet neste sesong
Lagt til av: Ole Kristoffer Hole Olsen | publisert: 28.12.2008
- Vi er avhengig av at omreguleringa av sentrumsområdet i Hevsdalen går smertefritt, så vil vi kunne frakte dei første personane opp til Roalden med gondolbane i byrjinga av desember neste år, seier Frode Bratli.
Trykk for større bilde |
|
|
Frode Brattli legger alle kluter til for å få til en sårt etterlengtet utbygging på det nordvestlandske alpinkartet © sunnmoringen.no |
Det skal i alle fall ikkje stå på oss, seier Frode Bratli, og ser opp mot toppen av Roalden.
- Der ønskjer han å få bygd ein serveringsstad og utkikkspunkt, og ei gondolbane frå botn av dalen og heilt opp til toppen.
For å få løyve til å byggje ei slik gondolbane, må Bratli få på plass ei omregulering av sentrumsområdet i Hevsdalen (S1, 2 og 3). I vår kjøpte han dette området frå Strandafjellet AS, saman med ei investorgruppe av Oddernes Eiendom (Petter Kleppan) og Primus Invest AS.
I midten av januar vil dei søkje om at gjeldande reguleringsplan for sentrumsområdet blir oppheva, for å presentere ei ny reguleringsløysing i slutten av april.
Han ønskjer å invitere til eit folkemøte for å presentere planane og få innspel til den nye reguleringsplanen i byrjinga av april.
I tillegg vil investorane ta over eigarskapet av Strandafjellet skisenter.
- Dette bør vere klart i løpet av januar, seier Bratli.
Dei er også i kontakt med eit svensk selskap, med stor erfaring frå drift av ulike skisenter i Europa. kilde: sunnmoringen.no
| |
|
La galleria ha 23086 immagini!
0 aggiunte oggi - 0 aggiunte l`ultima settimana
Benvenuto su snow-groomer.net! In questo sito puoi trovare la più grande galleria di immagini, le discussioni più attuali e molte altre informazioni aggiornate. La versione in Italiano è nuova, e si espanderà presto!
|
|
Ultima immagine pubblicata
|
|