Irriterer seg over nattlys
Lagt til av: Ole Kristoffer Hole Olsen | publisert: 17.01.2008
Ein hytteeigar i Hemsedal klagar på lysforureining
Trykk for større bilde |
|
|
Lyser opp: Hemsedal Skisenter. © hallingdolen.no |
– Lyset i Hemsedal Skisenter står på om kvelden og natta, og det må det bli ein slutt på, tykkjer hytteeigar Øyvind Kramer frå Nesodden. Han fortel at dei to siste gongene han har vore på hytta i Grøndalen har han sett lyset frå Hemsedal Skisenter heile natta.
Stjernehimmel – Hemsedal er flinke til å selje seg inn på fred, ro og natur, men lysa øydelegg for det, meiner Kramer, som har sendt klage til kommunen. Ikkje berre irriterer han seg over lyset, men han meiner også det er mykje bortkasta energi. – Me vil heller sjå stjernehimmelen enn slik lysforureining, seier Kramer.
Avviser Driftssjef Andreas Smith-Erichsen i Hemsedal Skisenter avviser klagen om at lyset stadig står på om nettene. - Me har heilt klare reglar for når lyset i skisenteret skal stå på, seier han. Tysdag til fredag er det kveldskøyring i skisenteret, og då står lyset på til klokka 21.30. Fredag står dessutan lyset på til rundt midnatt for å ønskje helgegjestene velkomne til Hallingdal. Elles skal lyset nattetid berre stå på under bakkesikring og vedlikehald, opplyser Andreas Smith-Erichsen.
kilde; hallingdolen.no
| |
|
La galleria ha 23086 immagini!
0 aggiunte oggi - 0 aggiunte l`ultima settimana
Benvenuto su snow-groomer.net! In questo sito puoi trovare la più grande galleria di immagini, le discussioni più attuali e molte altre informazioni aggiornate. La versione in Italiano è nuova, e si espanderà presto!
|
|
Ultima immagine pubblicata
|
|