Stolheis blir vurdert i Horningdal
Lagt til av: Ole Kristoffer Hole Olsen | publisert: 22.10.2007
Styret i Hornindal Skisenter AS arbeider med fleire alternativ når det gjeld utbygging i Grendalen
Trykk for større bilde |
|
|
Representantar frå Hornindal IL og Hornindal skisenter peikar mot traseen i Grendadalen som er aktuell for stolheis eller skitrekk. Frå venstre: Amund Sverre Tomasgard, Stig Olav Lødemel og Sølve Kiviranta © fjordingen.no |
Skitrekk har vore mest aktuelt så langt. Men no blir det også jobba med ei løysing som inneber stolheis opp til Fossane. - Eigarane av skisenteret, det vil seie Hornindal kommune og Hornindal IL med ein halvpart kvar, har gjeve oss i oppdrag å greie ut ulike alternativ. I løpet av to-tre veker vil vi prioritere eitt av alternativa. Så blir det opp til politikarane og idrettslaget å ta stilling til korleis utbygginga i Grendadalen skal skje, seier Sølve Kvivranta. Han er leiar i styret for skisenteret.
Fire alternativ I utgangspunktet såg styret føre seg eit 1.580 meter langt T-trekk frå skiarenaen og opp til Fossane. Etter møte der både skiforbundet, grunneigarinteresser og ulike instansar var med, har andre alternativ også kome inn i blidet. I noverande fase er fire ulike alternativ under vurdering:
For det første det lange T-trekket. For det andre eit kortare trekk på 900 meter. For det tredje to trekk i kombinasjon slik at det øverste går opp på Fossane. Og for det fjerde stolheis opp på Fossane.
kilde: fjordingen.no
| |
|
Bildegalleriet har 23086 bilder!
0 lagt inn i dag - 0 den siste uken
Velkommen til Tråkkemaskin.no! På denne siden finner du den største oversikten over bransjenytt, det største bildegalleriet, den ferskeste diskusjonen og mye seriøs fakta!
|
|
Siste 20 Screeners Choice
|
|